481 10 556 post@heidallaft.no

heidal laft- og tradisjonsbygg

Restaurering av gamalt og lafting av nytt.

Heidal Laft og Tradisjonsbygg AS vart stifta i 2012, og held til midt i Heidal. Bygda vår har den største tettleik av freda hus i Noreg. Med ni freda gardstun og over 90 freda hus er byggeskikk og handlag nedarva gjennom generasjonar.

Vi driv i hovudsak med restaurering av gamle bygningar og lafting av nye hus og hytter. Vi bygger i tømmer, stav og laft, legg skifertak og murar gråsteinsmurar. Vi har produksjon i moderne laftehall på 800 kvm, så vi kan produsere alt frå småe uthus til store bolighus. Vi har heile tida naturleg tørka tømmer på lager, og nyttar malmfuru, hovudsakleg frå Nord-Gudbrandsdalen, i våre arbeid. Arbeida våre er handverk, og for å setja prikken over i-en nyttar vi reiskap som bandkniv, bile og ukshøvel, reiskapar som har vore med laftarar i fleire hundre år. Inna restaurering har vi oppdrag for private og riksantikvaren, og har restaurert m.a. likhus frå 1620 og større bygningar frå 1700-talet. Vi har høg og brei kompetanse, og leverer alt frå utskurd til nevertak. Vi lager også tilstandsrapporter som grunnlag for søknader til t.d. Kulturminnefondet og SMIL-midlar.

Vi tilbyr restaurering av gamalt og lafting av nytt!

Våre ansatte

Heidal laft- og tradisjonsbygg har fem ansatte, og tilsaman har vi lang fartstid og stor kompetanse innafor tjenestene vi leverer.

Torstein Vollen

DAGLEG LEIAR & TØMRAR

Egil Dybdalen

TØMRAR

Hans Bårdløkken

TØMRAR

Andreas Jordhøy

VEDKLØYVAR

Terje Djupdalen

TØMRAR

Kvalitetsleveranse frå Heidal

Kvalitetssikring av materiala og arbeida våre skjer gjennom bransjeforeininga Norsk Laft. Vi leverer for det meste lokalt, men kan levere over heile landet, anten kunden vil ha berre laftekasse eller nøkkelferdige hus. Vi planlegg og prosjekterar i lag med alle aktørar slik at kunden får eit heilheitleg produkt, med t.d. skjult elektrisk installasjon i tømmeret, – eit godt døme på moderne løysningar i gamal byggjeskikk.

Våre samarbeidspartnarar

For å kunne levere den kvaliteten vi gjer er vi avhengige av gode samarbeidspartnarar med høg kompetanse; og det har vi!

Heidal laft & tradisjonsbygg er leverandør av laft til Sjodalen fjellgrend.

Vi har produksjonslokale i Heidal; stikk gjerne innom for ein kopp kaffi og ein prat om lafting og tradisjonsbygg!

Kart Heidal laft og tradisjonsbygg